onsdag, januar 31, 2007

Grip dagen/Carpe Diem!

Mitt store ”mål” her i live var lenge å bli 1.80 m høg. Elles har eg tatt ting som dei har komet.

Men eg blei aldri 1.80 m høg,. Dette va mitt ”store” mål fordi ein eller anna sa til meg for mange år sidan, at ein neste måtte være minst 1.80 for å spille midtstoppar, som eg gjerne ville bli. Nå har eg funne ut at fotball ikkje er det viktigaste her i livet (men kanskje det viktigaste av dei uviktige tinga?), eg bli aldri nokon ny Gary Mabutt og forresten eg har også funnet ut at eg likar betre å spele på høgre back.

Kva er eller kva bør være mitt store mål her i livet? Kva vil eg bruka livet mit til?

Dette er tankar som eg har brukt masse tid på i dei siste vekene. Eg har aldri stressa med slike ting, eg har alltid valt det trygge og kjente når eg har valt skuler og slike ting før.
Eg angrar ikkje på vala mine så langt i livet, eg er rett og slett nøgd :)

Men nå føler eg at eg har komet til det berømte vegskiljet her i livet. At nå må eg ta eit val.
Men kva skal eg velje?
Kva skal eg bli? Skal eg studera til hausten? Skal eg jobba? Kva skal eg studera/jobba med?

”Gud har ein plan med det liv”, det er noko som eg og har tenkt på, dette er også noko som eg trur på. Samtidig når eg tenker på det, so dukkar dei same spørsmåla opp da. Kva og kor vil Han at eg ska bruka livet mit til?
Ein anna ting, er at eg trur at Gud også har ein backup plan for både meg og deg, at så lenge eg er villig, så kan han bruka meg uansett kva eg velje å studere, jobbar, reiser eller bur.

Jeremia 29 11-13
”For jeg vet de tanker jeg tenker om dere, seier Herren. Det er fredstanker og ikke tanker til ulykke. Jeg vil gi dere framtid og håp.

Og dere skal påkalle meg og gå av sted og be til meg, og jeg vil høre på dere.
Dere skal søke meg, og dere skal finne meg når dere finner meg av hele deres hjerte”

Eg har alltid sett på meg sjølv som ein person som klarer å sjå positivt på det meste.
Så eg må berre seia at : Eg trur ordne seg til det beste til slutt og at det i alle fall blir noko av meg og!

Masse tankar her, å eg veit ikkje om ein blog er den rette plassen og dela dei med folk.
Men eg håpar at kanskje nokon vil komme med litt forslag til meg, til kva eg bør satsa på her i livet, korleis eg kan gå fram for å finne ut kva eg vil eller berre anbefalingar.
Takker og bukkar for tips og råd :)

2 kommentarer:

Nils-Ove Støbakk sa...

He hørt rykte om at dei trenge folk på Svalbard til neste år. Kanskje en grei plass å reise for å kjøle sej litt ned ette et halvt år i Afrika? hehe ;)

Gillian sa...

hi kay just to say hi ,,,,and if you are happy am happy