torsdag, november 12, 2009

Machu Pitchu

Etter nokon dagar på reising er vi igjen tilbake i Lima. Vi har vært innom Cusco, Aguas Calientes og Machu Pitchu.Cusco er ein by som ligger rundt 3400 meter over havet, dette gjør at lufta er tynnare enn vanlig. Å ting som å gå i trapper, straks blir litt meir tungt.Eg syntest byen va veldig fin, å skulle gjerne hatt fleire dagar der.
Oss prøvde også å ete frityrstekt marsvin, greitt å prøve sia marsvin er ein av nasjonalrettane til Peru. Er visst fleire måtar å tilbrede detAguas Calientes er byen som liggjar nedanfor Machu Pitchu, her overnatta vi ei natt. Ein ganske liten by, som blei litt for masse turist by for meg. For å komme hit, tok vi tog i litt over 3 timar

Machu Pitchu er ein gammal inkaby langt opp i fjella, som lenge var forsvunne I jungel landskapet. I 1911 blei den oppdaga på nytt, å er nå eit veldig populært turistmål.
Når oss vå der, so vå der dessverre både regn og skodde, men det var ein fin tur uansett.

mandag, november 09, 2009

In the Jungle

Hadde ein kjempe fin tur i jungelen i Iquitos, men sia eg må stå opp om 5 tima, for å reise vidare til Cusco (Machu Pitchu på Onsdag). Så fær det holde med nokken bilde i denne omgongen. Heilt til slutt eit par biletet av meg når eg møtte Erick og Dino.
Om du ønskjer å lese/sjå meir om Sør-Amerika turen, gå inn på bloggen til Nils-Ove

onsdag, november 04, 2009

Curitiba-Lima

Nå sitter eg i eit gjestehus i Lima å tenkte at eg skulle legge ut litt fleire bildar frå bryllaupet til Mateus.
Det var et veldig fint bryllaup, der brudeparet starta med å danse og synge lovsang, før vielses delen starta.

Der var fleire som eg har gått i lag med på Hald i bryllaupet, so blei at oss fekk eit eige bord. Kjekt å mimre litt og høre om nye ting i liva deira. Både Leo og Rafaela har blitt gift sia sist eg traff dei, å begge har hyggelig ektemake.

I går kom oss til Lima, Stine og Dino møtte oss på flyplassen. Dino stilte opp med norsk flagg t-skjorte og skjerf og bukse med litt norsk flagg på.
Seinare på dagen blei oss med Stine der ho no har praksis, veldig spenna å sjå korleis ho jobba, mange herlig ungar, so håper oss fær sjansen til å fare innom meir der.


Kommer meir om Lima og Peru snart ;)
Fann forresten ut at dette var mitt innlegg nummer 100 på denne bloggen, ikkje dårlig det :P