torsdag, mai 13, 2010

Kva man kan gjøre i staden for å skrive på oppgåva si?

Når man skal eller bør skrive oppgåve, så er det ofte masse andre ting man plutselig finne ut at man vil gjøre. Kanskje særlig på helligadaga, for da har jo alle fri!
Her er 10 ting som eg har gjort i dag i staden for å skrive.

1. Surfe på nett, lese diverse nettaviser om og om igjen.
2. Spelt FM 09 (Der Godøy leiar tippeligaen. Å Noreg består mest av Godøy spelarar. Ja, eg har kanskje laga Godøy litt vel bra. Men er lov å drømme )
3. Sjekk facebook x-antall ganga.
4. Vaske opp
5. Prøve Isabell Lakris is (Vå veldig skuffandes, so blir ikkje meir av den)
6. Sjå på tv, men ikkje nokkes spesielt.
7.Fare å sjå cup kamp.(Oldenborg tapt 1-0 mot Kongsvinger, men veldig spennande å gøy kamp)
8. Gå en tur
9. Kjøpe hamburgar tallerken på Bislett kebab
10. Skrive et blogginnlegg

Kunna so klart nemnt fleire ting, men i morgå lova eg skal skrive ein del på oppgåva!

Til slutt.
Her er cupsangen til Oldenborg. Absolutt ein veldig bra fotballsong. Søsing er viktig i fotball, gir ofte ekstra krefter. Å det hjelpte nesten mot Kongsvinger i dag

tirsdag, mai 11, 2010

Film

Eg likar å sjå film, å er også ein fin avkopling frå oppgåve skriving.

Den siste filmen eg såg på kino var Iron Man 2. Eg likte veldig godt film nummer ein, å gledde meg til å sjå oppfølgjaren. Å film nummer to er absolutt ikkje nokon dårligare film, så denne kan eg anbefale på det sterkaste.
Her kan du sjå traileren.


Den neste filmen eg har plana om å sjå på kino er Robin Hood. Har alltid likt historia rundt denne helten, som tar frå dei rike og gir til dei fattige. Robin Hood Prince of thieves og Disney teiknefilm versjonen er absolutt verd å ha i film samlinga.
Russell Crow og Ridely Scott jobba i lag på Gladiatoren, har igjen samarbeida. Eg var litt skeptisk når Crow skulle spele Robin, sia eg tenkte at det kunne bli litt lik Maximus rolla. Men etter å ha sett fleire traileren frå filmen, så er eg overbevist. Å uansett så var Crow i rolla som Maximus så stor, at det kan man gjerne igjen.
So gler meg til å sjå filmen.
Her er traileren


Neste veke kjem også Prince of Persia, og utover sommaren filma som: Shrek 4, Centurion, The Sorcerer's Apprentice, Toy Story 3, Inception og fleire.
So blir vel kanskje eit kino besøk eller to i løpet av sommarferien med!
Haustens filmar fær oss komme tilbake til ;)

onsdag, mai 05, 2010

Tottenham


Endelig klarte Tottenham å komme blant dei 4 beste i Premier League. So til hausten blir det sjansar til å spele i Champions League :)
Kanskje blir det ny Crouch dans?? ;)


tirsdag, mai 04, 2010

Første blogginnlegg i 2010

Skulla kanskje tru at denne bloggen vå nedlagt å glømt, men må prøve å komme meg tilbake i bloggverden.
I denne posten blir ganske kort, men fær komme tilbake til større og kjekkare innlegg på sikt.

Eg nærma meg slutten av studietida, so då er det so klart både oppgåve og eksamen i vente. Å sia oppgåvene ikkje skrive seg sjølv, so ska eg prøve å skrive litt på dei no.
Har forandra litt på layout og nytt framside bilde.
Men eg kjem plutselig tilbake med ein ny post på bloggen!

Håpe akkurat DU fær en fin dag :)