tirsdag, desember 26, 2006

Ein annalens julefeiring


Dette med å feire jula vekke frå familien, trudde eg skulle bli det vanskeligaste (saman med maten) før eg reiste til Uganda. Maten he faktisk godt bra, like vel om det er uvanleg å ete middag til kvelds, ofte etter klokka 22.00 på kvelden :P
So kva med jula? Eg var nervøs for at dette skulle bli den tida eg verkelig fekk heimlengsel, der eg verkelig skulle ønske eg var heime. Men det har overraskande nokke ikkje skjedd.
Ikkje det at eg ikkje savne familie og vennar heime, for de
t gjer eg verkelig, eg gler meg til å sjå alle saman igjen. Gled meg til å feire jul igjen saman med dokke neste år, der eg får med meg, julemiddagen, juleselskap med besta, førjulsturneringa, romjulsturneringa og alt anna som høre jula til.

Men i staden å bruke mykje tid på å tenke på alt eg kunna ha opplevd, alt som er så trygt og kjært. Så gjekk eg inn i jula med den innstillinga om at dette blei ei annalens jul, ei julefeiring som eg bare kommer til å få oppleve ein gong, so kvifor ikkje berre prøve å kose meg og nyte den. Å d klarte eg, sitter nå på Boxing Day å skrive denne bloggen (2 juledag).
So her komme litt om korleis Julaftan og 1.juledag var.

Julaftan

Dagen starte med at eg for saman med vertsfamilien i kyrkja, denne dagen so var gudstenesta litt spesiell i forhold til vanleg. Dei hadde laga til eit julespel, som inneheld song, dans, drama, musikk og masse meir. Dei hadde også utvida og funne på litt ekstra innhald i juleevangelia, var mykje humor i spelet, so eg likte det veldig bra. I motsetning til mange andre julespel eg har sett, so var til og med Gud og Satan med i spelet. Elles var det mykje synging av julesongar under gudstenesta, so eg likte det veldig godt.
I motsetning til oss i Noreg, so feira dei ikkje på julaftan, men første juledag.
So på kvelden so for oss (Eg, Per, Ingrid og Aina) på grillparty at med brødrane våre. Å sete ute å ete grillmat er vel veldig langt unna korleis oss feira jula h
eime:p men det var ein anna leis, men fin julaftan. Å eg fekk også ein telefon heima frå, so vå kjekt å få prata litt med dei.

1.Juledag


Starta også i dag med å fare i kyrkja, i dag merka ein på folk at dette var ein spesiell dag, folk var so glad og fulle av energi. Og det merkast på mange av songane, tok heilt av på dei siste songane (fekk filma litt, so fær vise det når eg kjem heim), det var no berre morosamt. Etter det so var det å ønske folk God jul, før ein for heim og skulle ete j
ulemiddag (eller julelunsj som ein kallar det her). Aina og Ingrid var også invitert heim til oss.
So kva var det oss fekk til mat, her er noko av det : kylling/hane, kalkun, gris, biff, chips, irish og søt poteter, 2 forskjellige risa, 3 forskjellige juicen, vatn og Chapati (Kanskje meir med:P)

So blei det å slappe av resten av dagen, avslutta med kake (sia to av brødrane våre hadde vært bursdag i Desember) å restekvelds. Før ein avslutta med å synge og be.

So det var litt av jula mi, blei kanskje litt lang blogg denne gangen.
Eg har hatt ei God men annalens jul, men sitter igjen med
ei positivt inntrykk.
Uansett så feira oss jul av den same grunn, at Jesus blei født. Å det er vel kanskje ein ting som eg har fått tid til å tenke meir på, vekke frå ”julestresset” som er heime. Det er i alle fall ein bra ting og ta med seg.

Eg reiser nå til Kenya og Nairobi, skal feire nyttår der, skal være med på ein konferanse i regi av FOCUS Kenya. Blir vel der ei 7-8 dagar, så det blir vel inga oppdateringa på bloggen før det.

HA EI (fortsett) GOD JUL OG GOD NYTT ÅR TIL A
LLE SAMAN :)

2 kommentarer:

Astrid Katrine sa...

Halloen!

Du må no hæls så mytji te Per og dæm ainnran fra Hald når dåkk treffast!

Håpe dåkk hi det bra!

Anonym sa...

vegna ekki:)