Diplom is
Hot weather depressions


We also have had some individual talks about reversed culture shock with a counsellor working closely with FOCUS, and tomorrow we are going to have a training all four of us. I do no think that I will have any culture shock when I go back home. We have had two counsellors working with FOCUS since we came, and both have been talking about it is a bigger shock, going back, than coming here. But as stubborn as I am, I still have a very hard time believing it, to be honest I do not see the possibility for me getting a culture shock when go home :p
Mitt store ”mål” her i live var lenge å bli
Men eg blei aldri
Kva er eller kva bør være mitt store mål her i livet? Kva vil eg bruka livet mit til?
Dette er tankar som eg har brukt masse tid på i dei siste vekene. Eg har aldri stressa med slike ting, eg har alltid valt det trygge og kjente når eg har valt skuler og slike ting før.
Eg angrar ikkje på vala mine så langt i livet, eg er rett og slett nøgd :)
Men nå føler eg at eg har komet til det berømte vegskiljet her i livet. At nå må eg ta eit val.
Men kva skal eg velje?
Kva skal eg bli? Skal eg studera til hausten? Skal eg jobba? Kva skal eg studera/jobba med?
”Gud har ein plan med det liv”, det er noko som eg og har tenkt på, dette er også noko som eg trur på. Samtidig når eg tenker på det, so dukkar dei same spørsmåla opp da. Kva og kor vil Han at eg ska bruka livet mit til?
Ein anna ting, er at eg trur at Gud også har ein backup plan for både meg og deg, at så lenge eg er villig, så kan han bruka meg uansett kva eg velje å studere, jobbar, reiser eller bur.
Jeremia 29 11-13
”For jeg vet de tanker jeg tenker om dere, seier Herren. Det er fredstanker og ikke tanker til ulykke. Jeg vil gi dere framtid og håp.
Og dere skal påkalle meg og gå av sted og be til meg, og jeg vil høre på dere.
Dere skal søke meg, og dere skal finne meg når dere finner meg av hele deres hjerte”
Eg har alltid sett på meg sjølv som ein person som klarer å sjå positivt på det meste.
Så eg må berre seia at : Eg trur ordne seg til det beste til slutt og at det i alle fall blir noko av meg og!
Masse tankar her, å eg veit ikkje om ein blog er den rette plassen og dela dei med folk.
Men eg håpar at kanskje nokon vil komme med litt forslag til meg, til kva eg bør satsa på her i livet, korleis eg kan gå fram for å finne ut kva eg vil eller berre anbefalingar.
Takker og bukkar for tips og råd :)





Dette med å feire jula vekke frå familien, trudde eg skulle bli det vanskeligaste (saman med maten) før eg reiste til Uganda. Maten he faktisk godt bra, like vel om det er uvanleg å ete middag til kvelds, ofte etter klokka 22.00 på kvelden :P
So kva med jula? Eg var nervøs for at dette skulle bli den tida eg verkelig fekk heimlengsel, der eg verkelig skulle ønske eg var heime. Men det har overraskande nokke ikkje skjedd.
Ikkje det at eg ikkje savne familie og vennar heime, for det gjer eg verkelig, eg gler meg til å sjå alle saman igjen. Gled meg til å feire jul igjen saman med dokke neste år, der eg får med meg, julemiddagen, juleselskap med besta, førjulsturneringa, romjulsturneringa og alt anna som høre jula til.
Men i staden å bruke mykje tid på å tenke på alt eg kunna ha opplevd, alt som er så trygt og kjært. Så gjekk eg inn i jula med den innstillinga om at dette blei ei annalens jul, ei julefeiring som eg bare kommer til å få oppleve ein gong, so kvifor ikkje berre prøve å kose meg og nyte den. Å d klarte eg, sitter nå på Boxing Day å skrive denne bloggen (2 juledag).
So her komme litt om korleis Julaftan og 1.juledag var.
Julaftan
Dagen starte med at eg for saman med vertsfamilien i kyrkja, denne dagen so var gudstenesta litt spesiell i forhold til vanleg. Dei hadde laga til eit julespel, som inneheld song, dans, drama, musikk og masse meir. Dei hadde også utvida og funne på litt ekstra innhald i juleevangelia, var mykje humor i spelet, so eg likte det veldig bra. I motsetning til mange andre julespel eg har sett, so var til og med Gud og Satan med i spelet. Elles var det mykje synging av julesongar under gudstenesta, so eg likte det veldig godt.
I motsetning til oss i Noreg, so feira dei ikkje på julaftan, men første juledag.
So på kvelden so for oss (Eg, Per, Ingrid og Aina) på grillparty at med brødrane våre. Å sete ute å ete grillmat er vel veldig langt unna korleis oss feira jula heime:p men det var ein anna leis, men fin julaftan. Å eg fekk også ein telefon heima frå, so vå kjekt å få prata litt med dei.
1.Juledag
Starta også i dag med å fare i kyrkja, i dag merka ein på folk at dette var ein spesiell dag, folk var so glad og fulle av energi. Og det merkast på mange av songane, tok heilt av på dei siste songane (fekk filma litt, so fær vise det når eg kjem heim), det var no berre morosamt. Etter det so var det å ønske folk God jul, før ein for heim og skulle ete julemiddag (eller julelunsj som ein kallar det her). Aina og Ingrid var også invitert heim til oss.
So kva var det oss fekk til mat, her er noko av det : kylling/hane, kalkun, gris, biff, chips, irish og søt poteter, 2 forskjellige risa, 3 forskjellige juicen, vatn og Chapati (Kanskje meir med:P)
So blei det å slappe av resten av dagen, avslutta med kake (sia to av brødrane våre hadde vært bursdag i Desember) å restekvelds. Før ein avslutta med å synge og be.
So det var litt av jula mi, blei kanskje litt lang blogg denne gangen.
Eg har hatt ei God men annalens jul, men sitter igjen med ei positivt inntrykk.
Uansett så feira oss jul av den same grunn, at Jesus blei født. Å det er vel kanskje ein ting som eg har fått tid til å tenke meir på, vekke frå ”julestresset” som er heime. Det er i alle fall ein bra ting og ta med seg.
Eg reiser nå til Kenya og Nairobi, skal feire nyttår der, skal være med på ein konferanse i regi av FOCUS Kenya. Blir vel der ei 7-8 dagar, så det blir vel inga oppdateringa på bloggen før det.
HA EI (fortsett) GOD JUL OG GOD NYTT ÅR TIL ALLE SAMAN :)

